Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2018
Prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar på klima- og miljøområdet kan få økonomisk støtte frå Fylkesmannen i Rogaland. Frist for å søkje er 15. mars.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Regionale prioriteringar
Søknadar som støtter strategiar i Regionalplan landbruk om miljø- og klimatiltak i jordbruket, og nasjonale føringar om å prioritere klimagassutslepp/karbondbindeing vil bli prioritert. I 2018 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:
- Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats
- Prosjekt som mobiliserer til reduksjon av klimagassutslepp i jordbruket
- Prosjekt innan følgjande tema:
- Kartlegging av avrenning frå veksthus
- Utvikling av rettleiar for handtering av vaskevatn i driftsbygningar
- Utvikling av retningsliner for etablering av plansiloar
- Kartlegging av viktige restareal på Jæren
Fylkesmannen kan støtte inntil 70 prosent av den totale kostnadsramma for prosjektet. I særlege tilfelle kan det bli gitt tilskot utover dette.
Elektronisk søknad
Nytt i 2018 er at søknaden skal leverast elektronisk i Altinn. Det er ikkje lenger mogleg å sende papirsøknad. På heimesida til Landbruksdirektoratet finn du informasjon om korleis du leverer søknaden.