Regionalt miljøtilskot 2021
I 2021 har Rogaland 45,7 millionar kroner til jordbruksføretak som gjer miljøtiltak på si driftseining. I år kan alle bønder i Rogaland søke tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing, og det er innført tilskot til klimarådgiving.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Nyleg fastsette Stortinget dei økonomiske rammene for Regionalt miljøprogram. Rogaland fekk 3,8 millionar kroner meir enn i 2020. Søknad om tilskot kan foretaka levere mellom 15. september og 15. oktober.
Styrka satsing på miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel
Styringsgruppa for Regionalt miljøprogram var samde om å bruke handlingsrommet til å styrke tilskotet til miljøvenleg gjødselspreiing. No kan alle bønder i Rogaland søke tilskot til areal som blir gjødsla med miljøvenleg spreieutstyr som anten legg gjødsla rett på bakken, eller skyt gjødsla inn i jorda.
Miljøeffekten er betre utnytting av husdyrgjødsla, mindre nitrogentap til luft og redusert fare for overflateavrenning til vassdrag. For å få tilskot må bøndene bruke utstyret ved all gjødsling med husdyrgjødsel på arealet. Utvidinga av tilskotsområde gir ikkje effekt før i 2022 sidan jordbruksoppgjeret landa etter at både vårgjødsling og gjødsling etter 1. slått er unnagjort.
Nytt tilskot til klimarådgiving
Nå kan bøndene i Rogaland søkje regionalt miljøtilskot til klimarådgiving. Så langt er det Norsk landbruksrådgiving Rogaland og TINE som tilbyr klimaråd der dei ser på korleis bonden kan redusere sitt klimagassavtrykk, og korleis drifta kan tilpassast klimaendringane.
Bonden må betale 6000kr for rådgivinga og kan få 5000 kr i regionalt miljøtilskot. Tilskotet søker bonden i etterkant. Saman med søknaden må ho/han levere kvittering for utført klimaråd og kopi av tiltaksplan for garden.
Klimakalkulator
I rådgivinga nyttar NLR og TINE ein klimakalkulator som e utvikla spesielt for jordbruksnæringa. Den digitale kalkulatoren gir bonden oversikt over klimagassutslepp i gardsdrifta og potensial for reduksjon og karbonbinding i jord. Per i dag kan kalkulatoren nyttast for mjølkeproduksjon, svineproduksjon og kornproduksjon, men målet er å inkludere alle produksjonane slik at alle norske bønder kan bruke kalkulatoren.
Klimatilpassing
Klimaråd handlar også om korleis bonden kan tilpasse drifta for å møte klimaendringane. Kva tiltak kan gjere drifta meir roboust til å takle større svingningar i temperatur, vekstsesong og ikkje minst endra nedbørsmønster? Klimarådgivarane skal gå gjennom drifta og vurdere handtering av overflatevatn, fordrøyingstiltak, drenering og liknande.
Uendra tilskot til kystlynghei, turstiar, kulturminne mv.
Over 9 millionar kroner gjekk i 2020 til tiltak som styrker biologisk mangfald i jordbruket. Ordningane blir videreført uendra i 2021. Full oversikt over tilskotsordningane i Regionalt miljøprogram finn du i artikkelen Tilskotsordningar i Regionalt miljøprogram 2021.