Treng du ein vipedisk til gjødslinga?

Jarle Landa frå Agromiljø viser fram vipedisken dei har utvikla for å beskytte vipereira under gjødsling.
Agromiljø har utvikla ein "vipedisk" til å beskytte reira under gjødsling med slepeslangar. Foto: Monica Dahlmo.

Vinterkulda er på hell og våren er i anmarsj. I år kan gardbrukarar som har vipereir på si eng få ein vipedisk til å leggja over reira under våronna. Prøveordninga i fjor ga gode tilbakemeldingar, og i år vil fleire kunne nytta seg av tilbodet. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.03.2021

Dei siste åra har det vore eit stort engasjement kring vipa, om korleis vi kan auke bestanden og få fleire fuglar på vingane. Agromiljø har utvikla ein vipedisk til å legge over reira under gjødsling. Vipedisken toler at slepeslangen går over disken og beskytter reira på ein god måte. Vipedisken blei testa ut i fjor med gode resultat. No har Miljødirektoratet gitt midlar slik at me kan få produsert fleire vipediskar. Me ønskjer at alle som bruker slepeslangar og som har vipereir på si mark bruker ein vipedisk slik at reira blir beskytta.

Her ser du vipedisken i bruk

Filmen er laga av Hå kommune og Fylkesmannen i Rogaland har støtta den økonomisk med klima- og miljøtiltaksmidlar.  Du kan også lese meir om bøndene sine erfaringane med vipediskane i Bondevennen 

Korleis kan du få ta i ein vipedisk?

Fleire entreprenørane fekk i fjor tildelt vipediskar for å kunne ta dei i bruk hjå dei som hadde viper. Dersom du leiger tenesta og veit om etablerte reir, ta kontakt med entreprenøren for å høyre om dei har vipedisk og kan leggje den ut før køyring.

Me ynskjer at dei som observerer reir kring våronna og som ynskjer å bruke ein vipedisk skal få låne ein vipedisk. Vipediskane er fordelt mellom fleire stadar i Rogaland, ta gjerne kontakt med kontaktpersonane lista under.

 

Kommune

Kvar

Kontaktperson

Mobil

e-post

 

Per Bjorland

91579379

PerM.Bjorland@ha.kommune.no

 

Klepp

NLR, Særheim

Arne Vagle

90563861

arne.vagle@nlr.no

Sola

Sola Rådhus

Aud Åse Mjølsnes /

Randi Storhaug

51653406/

51653409

aud-ase.rosland.mjolsnes@sola.kommune.no

 

randi.storhaug@sola.kommune.no

Haugesund

NLR

Håkon Pedersen

94876870

hakon.pedersen@nlr.no

Vindafjord

NLR

Bjørg Karin Dysjaland

93840839

bjorg.dysjaland@nlr.no

Stavanger

Finnøy v/ Argomiljø

Kyrre Vasstveit

98291850

kyrre@agromiljo.no

 

Satsinga er resultat av eit samarbeid mellom bønder, entreprenørar, Argomiljø og Statsforvaltaren i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.