Vil halde fram med Frivillige tiltak i landbruket
Sidan 2004 har kommunane på Jæren samarbeidd om å motivere bønder til felles innsats for Jærvassdraga gjennom prosjektet Frivillige tiltak i landbruket. No er eigarkommunane bedne om å gjere prosjektet om til faste stillingar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Landbruket påvirker vassdraga
Rogaland og Jæren har eit aktivt jordbruk som er viktig for nasjonal matforsyning. Hovuddelen av vassdraga på Jæren er påvirka av jordbruksdrift, både fysisk av til dømes kanalisering, men også av næringsstoff på avvegar. I følgje Vannområde Jæren er meir enn 270 vassførekomstar i Jæren vannområde påverka negativt av jordbruket. Ein rekke tiltak er sett i verk for å bøte på problemet. Eit av dei er å følge opp bøndene gjennom Frivillige tiltak i landbruket.
Frivillige tiltak i landbruket
Prosjektet starta i regi av Rogaland landbruksselskap i 2004. To tidlegare bønder Olav Husveg og Olaf Gjedrem blei tilsett som prosjektleiarar for å følge opp og motivere Jærbønder til å gjere tiltak. Frå 2020 tok Hå kommune over arbeidsgivaransvaret, og Anne Marie Lerang og Per Bjorland starta som prosjektleiarar då Olav og Olaf gjekk av med pensjon.
Anne Marie Lerang og Per Bjorland sin hovudoppgåve er å vere ute i felt. Det er om lag 1900 aktive gardsbruk i Jæren vannområde, og dei besøker om lag 100 i året. Her ser dei på aktuelle tiltak på garden, som til dømes istøyping av gjødselportar, fangdammar, mindre sedimentasjonsbasseng, og dei informerer om tilskotsordningar i Regionalt miljøprogram. Prosjektleiarane har hatt ei heilt sentral rolle for å følgje opp Miljøavtalar i regionalt miljøtilskot. Dei bistår også kommunane med å følgje opp ulike utslepp. Satsinga har ei viktig rolle i skjeringspunktet mellom bonde og forvaltning. Å finne frivillige løysningar på miljøutfordringane i landbruket har vore ein bevisst strategi i Rogaland. No må eigarkommunane bestemme seg for om dei ønskjer å vidareføre Frivillige tiltak i faste stillingar. Hå kommune har bede om svar innan måndag 13. september.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66