Nyttig kompetansetilbod for lokalmatprodusentar
Kompetansenettverket for lokalmat SØR held til hos Nofima på Ullandhaug i Stavanger. Her kan bønder og andre matprodusentar med inntil 10 årsverk få tilbod om hjelp for å lukkast med vidareutvikling og verdiskaping.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kompetansenettverket utarbeidar tilbod om kurs, seminar, nettverk, hospitering og besøksordning som er tilpassa behovet til verksemdene.
Målgruppa er primærprodusentar og næringsmiddelverksemder med mål om å utvikle, foredle og selje kvalitetsprodukt basert på lokale råvarer. Serveringsverksemder innan grønt reiseliv som har samarbeid med lokalmatprodusentar er også ein del av målgruppa.
Aktuelle kurs
I dag blir det gjennomført eit nettkurs om lokalmat i digitale kanalar. Det er fullteikna og med venteliste. Pandemien er hovudårsaka til at produsentane må finne nye og kreative måtar å selje produkta sine på.
Dei matfaglege kursa blir lyst ut på dei nasjonale kompetansenettverka si heimeside. Her kan ein mellom anna finna nettkurs innan bruk av pektin i frukt- og bærprodukt. Mot sommaren vil SØR tilby eit kurs innan mjølkeforedling i Stavanger og til hausten kurs i lokal kjøtforedling over fleire samlingar.
Bønder i Rogaland har vakna
Aase Vorre Skuland er leiar av Kompetansenettverket SØR og ho fortel at dei har mål for 2021 om å hjelpe minst 40 føretak frå Rogaland og Agder gjennom besøksordninga.
- Det er fleire nye verksemder som tek kontakt med oss, og vi ser ei oppblomstring innan kjøtt og frukt. Rett og slett gledeleg at det er ei oppvakning blant bønder i Rogaland, seier Aase Vorre Skuland.
Besøksordninga
Besøksordninga tilbyr inntil 20 timar med gratis rettleiing. Ein aktuell matfagleg rådgivar oppsøker deg, i di eiga verksemd. Besøket kan også gjennomførast i Nofima sine produksjonshallar med å teste ut praktiske produksjonsløysingar. I løpet av besøket kan det utførast noko konkret, praktisk arbeid, i tillegg til rådgiving og ein enkel analyse for å kartlegge situasjon, potensial og behov.
Aktuelle tema kan til dømes vere:
Produkt- og prosessutvikling
Råvareutnytting/restråstoff
Testproduksjon av nye produkt
Haldbarheit og hygiene; regelverk og kundekrav
Emballasje/pakkemetodar
Menyutvikling – lokale, unike smakar
Rådgivaren skal også kunne vise veg til andre kompetansemiljø og moglege offentlege verkemidlar basert på dine behov.
Kontaktinformasjon
Om du ønsker å komme i kontakt med Kompetansenettverket SØR for å diskutera kva du kan få hjelp med, send ein e-post til prosjektleiar Aase Vorre Skuland på aase.vorre.skuland@nofima.no