Støtte til mjølkeprosjekt

Rogaland fylkeskommune har gjennom Handlingsprogram landbruk løyvd 450 000 kr til prosjektet «Fra båsfjøs til løsdrift på små og mellomstore bruk i Rogaland». Dette er godt tilpassa prioritering av mjølkebruk med 15-30 mjølkekyr.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.06.2020

Det er TINE som skal drifte prosjektet, og det er eit ledd i å førebu mjølkesektoren på lausdriftskravet som kjem i 2034. Samstundes er målet å stimulere for nyinvestering på mindre bruk i distrikta.

Motivere til rekruttering og investering

Målet er at minst 15 mjølkebønder kvart prosjektår skal bli motivert til å investere i påbygg eller nybygg for å oppfylle kravet om lausdrift. Det blir lagt vekt på å nytte gardens ressursgrunnlag. Prosjektet skal også motivere til rekruttering i næringa, og ha fokus på å sikre mjølkevolum i distrikta. Dette samsvarar også godt med prioriteringar knytt til investeringsmidlane til Innovasjon Norge.

Klare strategiar

I søknaden er det framheva følgjande strategiar i prosjektet:

  • Spreie optimisme og kunnskap til å ta gode, gjennomtenkte vegval
  • Auke kompetansen hos bonden for å redusere den økonomiske risikoen i utbyggingsprosjekta
  • Samarbeid mellom rådgiving og forvalting i marknadsføring og mobilisering
  • Fokusere på generasjonsskifte og motivasjon til vidareføring av gardsdrifta

Aktivitetar i alle regionar

Det er lagt opp til aktivitetar i alle regionar, med fokus på ein region om gangen. Det vil vere inspirasjonsmøte med påfølgande fjøssafari. Elles er tett oppfølging av brukarar som blir med i prosjektet viktig. Planen er at prosjektet skal gå over tre år.

Vi vil følgje satsinga med interesse, og ekstra kjekt om vi kan vere med å spreie suksesshistorier.

Fleire detaljar finn du i løyvingsbrevet frå Rogaland fylkeskommune.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.