Nye felles retningsliner for tilskot til skogsvegar og taubanedrift i Rogaland
Frå 1. januar 2020 overtok kommunane ansvaret for forvaltinga av tilskot til skogsvegar og taubane o.a. Oppgåveoverføringa er ein del av kommunereforma. Fylkesmannen har i samarbeid med kommunane og skognæringa utarbeidd felles retningsliner for prioritering og tildeling tilskot.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rammer og overføring av oppgåver
Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) har som formål å auke verdiskapinga i skogbruket gjennom god utnytting og berekraftig hausting av ressursane. Tilskotsordninga inkluderer tilskot til skogkultur, miljøtiltak i skog, skogsvegar og taubane. Kommunen har vore førsteinstans for skogkultur og miljøtiltak, og vil frå 1. januar 2020 også ha forvaltningsansvar for tilskot til skogsvegar og taubane o.a. Dette inneberer blant anna å handsama søknadar, fatte vedtak om tildeling av tilskot og utbetaling av støtte. Mobiliseringsarbeidet med å driva fram gode tiltak lokalt er uendra. Fylkesmannen har ansvaret med å fordela tildelinga til fylke mellom kommunane etter innmeldte behov og i tråd med felles overordna retningsliner.
Lik praktisering
For å sikre mest mogleg lik praksis mellom kommunane tok Fylkesmannen initiativ til å utarbeida felles, overordna retningsliner for tilskot til skogsvegar og taubane for alle kommunane i fylket. Retningslinene skal vere styrande for prioritering av tilskot og forvaltning av tilskotsordninga, og er gjeldande frå 1. januar 2020. Kommunane er oppfordra til å sikre lokal forankring og handsaming av desse felles retningslinene så raskt som mogleg.
Kva er nytt
Føringane for tilskot til Skogsvegar og taubaner o.a. er i stor grad vidareført etter at ansvaret no er overført. Følgjande er endra:
- Taubane: Satsane er auka i tråd med kostnadsutviklinga. I tillegg er det prioritert ytterlegare auke i tilskotsatsane på bruk av taubane i furu- og lauvskog. For banestrekk over 150 meter er ein no oppe i 260 kr/m3 for furu og 300 kr/m3 for lauv.
- Skogsvegar: Det kan gis ekstra tilskot til vegplanlegging (3 prosent) og byggeleiing utført av profesjonell vegplanleggjar (3 prosent). Det ekstra tilskotet kjem på toppen av normal utmåling av tilskotssatsen.
- Driftsstøtte: Det kan gis driftstilskot til hogst av furu- og lauvskog til styrking av eksisterande veginvesteringar som bidrar til vesentleg auke i skogproduksjon gjennom treslagsskifte. Dette skal skje gjennom fortetting og betre arrondering i tilknyting til eksisterande plantefelt og veganlegg med minimum vegstandard skogsbilveg klasse 4.
Overordna retningsliner for skogsvegar og taubane kan du laste ned og lese her.
Kontaktpersonar
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72