Vel gjennomført Norsk Juletremesse
Norsk juletremesse er eit av dei viktigaste samlingspunkta for juletre- og pyntegrøntprodusentar i heile Noreg. Rundt 90 deltakarar fekk fagleg påfyll både ute og inne, røyne seg i diskusjonar og møte kollegaer frå heile landet då årets messe gjekk av stabelen på Sola fyrste helga i mars.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Spanande og variert program
Messa går over tre dagar og arrangeres av Rogaland Juletre i samarbeid med Norsk Juletre. I år starta messa med fagdag ute hjå Ragnhild og Jarle Goa i Randaberg med tema stell av juletrea dei fyrste åra etter planting. Vidare fulgte to dagar inne med diskusjonar knytt til utviklinga av næringa, fagleg påfyll frå forskingsfronten og erfaringsdeling frå juletreprodusentar.
I 2018 starta Coop å selje juletre i ein del av sine butikkar, noko som førte til mange ytringar i både sosiale og tradisjonelle meder. Satsinga til Coop endra konkurranseforholda for sal av juletre i fleire regionar, men det var særleg prisen på trea mange reagert på då dei blei selt som «medlemskupp». Saka blei løfta under messa gjennom innlegg og paneldebatt der produsentane, salselskapa, interesseorganisasjonane og Coop sjølv fekk lagt fram saka og meininga si. Det var vanskeleg for Coop å love noko om utvikling av prisen på trea dei neste sesongane, men dei vektla ynskjet og målsettinga om å selje norske juletre frå norske produsentar.
Ekte, lokalt og berekraftig
Etter meiningsutveksling og debatt blei salen igjen samla rundt ei felles sak – å fremme det norske, ekte juletreet. Det er inga hemmeligheit at juletrenæringa merkar konkurransen frå plastrea, og kommunikasjonsekspert Synneva Erland haldt føredrag om korleis ei samla juletrenæring kan bruke sosiale medier til å løfte fram dei positive sidene med eit ekte juletre. Føredraget inspirerte, og i etterkant blei det sett ned ei gruppe for å lage ei felles strategi for å fremme det gode bodskapet.
Gudrun Margrete Dyrseth driv Svandal Juletregard Vikedal i saman med mann og svigerfar, og har godt og vel 160 da planta til med julatre. Dyrseth er fornøgd med årets juletremesse og trekk fram nytta av å møta kollegaer frå mange delar av landet til faglege diskusjonar. «Ein får ein anna samtale når ein møter kollegaer frå andre kantar av landet som kanskje har andre utfordringar og innfallsvinklar enn oss i Rogaland». Dyrseth synes det også var kjekt å få inn inn nokon utanifrå som ser på næringa med litt andre auge til å kome med innspel og inspirasjon.
«Me må bruke det gode og enkle bodskapet som er lett tilgjengeleg; at me sel eit ekte, lokalt og bærekraftig produkt!».
Kontaktpersonar
-
Kari Sand
Tlf: 51 74 30 21 / 95 03 11 90