Vilkår for produksjonstilskot i jordbruket
Bonden eller føretaket som har rett på produksjonstilskot søkjer to gonger i året, i januar og i august. Fristen for å søkje på dyr og areal per 31. juli er 20. august, og ein kan søkje elektronisk eller på papir.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Føremålet med produksjonstilskot er å styrkje og jamne ut inntektene i jordbruket, både i høve til bruksstorleik og distrikt. I tillegg skal ordninga medverke til å pleie kulturlandskapet og stimulere til auka beiting.
Produksjonstilskot til dyr og areal er den desidert største tilskotsordninga i jordbruket. Etter søknadsomgangane 31.07.11 og 01.01.12 blei det utbetalt om lag 970 millionar kroner i Rogaland. Tek vi med avløysartilskot til ferie og fritid utgjer samla utbetaling i produksjonstilskot og avløysartilskot om lag 1.150 millionar kroner. Dette tilsvarer 13 % av total utbetaling på landsbasis.
Vilkår for å ha rett på produksjonstilskot:
- Føretaket skal vere registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund innan søknadsfristen 20. august (dvs. at ein må ha organisasjonsnummer). Informasjon om etablering av føretak finst på nettsidene til Altinn. Nye søkjarar om produksjonstilskot bør ta kontakt med kommunen i god tid før søknadsfristen for å sikre at alle nødvendige opplysningar er på plass.
- Føretaket må vere registrert som momspliktig eller ha hatt ein omsetnad på minst kr 20.000 i løpet av dei siste tolv månadene.
- Føretaket må drive vanleg jordbruksproduksjon. Dersom det blir hausta lite eller inga avling eller omsetnaden av jordbruksprodukt ikkje er i samsvar med dyre- eller arealtal, kan dette indikere at drifta er for ekstensiv og dermed ikkje kan reknast som vanleg jordbruksproduksjon.
- Produksjonen må føregå på ein eller fleire landbrukseigedomar. Ein landbrukseigedom må ha eige gards- og bruksnummer, og det må vere vanleg jordbruksproduksjon på eigedomen.
- Føretaket må disponere det arealet og dei dyra det blir søkt tilskot for.
- Ein person kan ikkje vere medeigar i meir enn eitt føretak som søkjer om tilskot til husdyr eller tilskot til den same vekstgruppa. For at føretaket skal ha rett på separat tilskot, kan det ikkje vere driftsfellesskap med andre føretak. Driftsfellesskap betyr at eit føretak samarbeider om drift og økonomi med andre føretak på bruket, eller har eit nært samarbeid med føretak på andre bruk.
- Alt jordbruksareal (innmark) skal som hovudregel haustast maskinelt eller avbeitast minst ein gong i løpet av vekstsesongen for å ha rett på tilskot.
- Deltakarar i samdrift i mjølkeproduksjon som driv separat husdyrproduksjon utanom samdrifta, kan gjennom eige føretak søkje om tilskot til andre dyreslag. Føresetnaden er at det ikkje er driftsfellesskap med samdrifta.
Elektronisk søknad er sikkert og enkelt, og rettleiing for pålogging via Altinn finn du på nettsidene til Statens landbruksforvaltning. Med omsyn til søknad på papir opplyser Statens landbruksforvaltning (SLF) at dette truleg er den siste søknadsomgangen der SLF sender ut papirskjema til alle tidlegare søkjarar om produksjonstilskot.
Meir informasjon finn du her: