Løyve etter forureiningslova til utfyllingar i sjø ved Knarholmen fiskerihavn
Fylkesmannen har etter søknad gitt Knarholmen AS og Bekkarvik AS løyve til utfyllingar i sjø ved Knarholmen fiskerihavn i Bokn kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Løyve gjeld utfylling av totalt 35 000 m3 massar i sjø fordelt på to utfyllingar som samla vil røra eit sjøbotnareal på om lag 9000 m2.
I løyve er det blant anna sett krav om siltgardin og tildekking for å hindra partikkelspreiing.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan fire veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve og søknad i vedlegga til denne nettsaka.