Naturtypekartlegging i 2017 på oppdrag for Miljødirektoratet
Det blir sommaren 2017 gjennomført fleire kartleggingsoppdrag for Miljødirektoratet i Rogaland. Opdragstakarane arbeider i felt for å finna naturtypar som er rekna som spesielt verdifulle eller truga i Noreg.
Vegetasjonskartlegging i Hjelmeland, Forsand, Strand, Bokn, Karmøy og Vindafjord. Basiskartlegging i to naturreservat i Suldal og Sokndal og verdisetjing innanfor Jærstrendene i Randaberg kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Data som blir innhenta skal blant anna brukast i arealforvaltning hos kommune og fylkesmann. Formålet er at me skal få godt stadfesta informasjon om naturen, og inneber ikkje vern eller freding av område. Utføring av oppdraget vil innebera ferdsel i utmark, i samsvar med ferdselsretten nedfelt i friluftslova.
Her finn du kart over dei aktuelle områda.
NiN-rutekartlegging
Det blir gjennomført vegetasjonskartlegging etter NiN-metoden i 500 x 500 m ruter i desse områda:
Områdenavn |
Firma |
Kontaktperson, firma |
Måheia,Hjelmeland |
Ecofact Sørvest AS |
Ole Kristian Larsen (ole@ecofact.no) |
Lysebotnen, Forsand* |
Ecofact Sørvest AS |
Ole Kristian Larsen |
Nedre Espedal, Forsand* |
Ecofact Sørvest AS |
Ole Kristian Larsen |
Holtaheia, Strand* |
Ecofact Sørvest AS |
Ole Kristian Larsen |
Are, Bokn* |
Ecofact Sørvest AS |
Ole Kristian Larsen |
Boknafjellet, Bokn |
Ecofact Sørvest AS |
Ole Kristian Larsen |
Grindafjellet, Karmøy* |
Ecofact Sørvest AS |
Ole Kristian Larsen |
Vikebygd, Vindafjord |
Ecofact Sørvest AS |
Ole Kristian Larsen |
*) på kartet er desse viste i gammalrosa farge. Dette er ei verdinøytral vegetasjonskartlegging.
Tilleggskartlegging RMP
Innan nokre av desse områda utfører Ecofact kartlegging av gamle kulturmarkstypar, mest kystlynghei, etter DN-handbok 13 for import i Naturbasen. Desse er viste grøne på kartet og er merka med * i tabellen over. Bakgrunnen er at desse areala kan vera aktuelle for tilskotsordninga i landbruket, Regionalt miljøprogram, dersom brukaren ynskjer å skjøtta områda. NiN-data kan ikkje nyttast til dette.
Basiskartlegging -verneområde
Det blir gjennomført NiN-kartlegging av to naturreservat, Drotninghei i Suldal og Eikebakka i Sokndal (raudt på kartet). Dette skal gje eit grunnlag for å overvaka og forvalta områda.
Verdisetjing
Innanfor dei blå ringane i Randaberg blir det gjennomført eit utviklingsarbeid for verdisetjing av natur innanfor Jærstrendene landskapsvernområde.
Dersom det er spørsmål til oppdraget kan de ta kontakt med Miljødirektoratet. Vi tilrår å nytta denne e-postadressa som er betjent gjennom heile sommaren: ninkartlegging@miljodir.no.
Spørsmål kan og rettast til Fylkesmannen i Rogaland, miljøvernavdelinga, telefon 51 56 87 00 eller epost fmropost@fylkesmannen.no.
Adressekontakt heile sommaren:
Kontaktadresse heile sommaren: