Erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland 2015
Samla sett var det låge tap til freda rovdyr i Rogaland i 2015. Me fekk inn 15 søknadar om erstatning, og totalt i Rogaland er det utbetalt kr. 207 271.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Av dei 15 søknadane, var 126 for lam/sau som er tatt av jerv, 77 for lam tatt av kongeørn, 12 for lam tatt av gaupe og 13 for lam/sau tatt av ulv. Flest søknadar kjem frå sauebesetningar som beiter i Eigersund og Odda kommunar, resten kjem frå Bjerkreim, Gjesdal, Lindesnes, Lund, Sokndal, Suldal og Vinje.
I alt 57 kadaver mistenkt drepen av freda rovdyr er undersøkt av Statens naturoppsyn i vårt fylke i 2015. Av desse er 9 lam dokumentert som truleg drepen av kongeørn (i Bjerkreim, Eigersund, Sokndal og Gjesdal kommunar), og eit lam er dokumentert sannsynleg drepen av gaupe i Lund. Ein sau er vurdert som usikkert om det drepen av freda rovvilt i Sokndal. Dei andre kadavera er anten drepne av hund, rev, ikkje freda rovvilt, ulykke, sykdom eller at det er ein usikker årsak. I tillegg er det 23 lam frå Rogaland som dokumentert som truleg er drepen av jerv i Odda kommune, og to lam som er dokumentert som sannsynleg drepen av gaupe i Lindesnes kommune.