Lisensjakt på jerv og ulv 2019 – 2020
Rovviltnemnda har vedteke at åtte jerv og 3 ulv kan fellast i Region 1 i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylker. Lisensjakta gjeld for heile Rogaland. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens. Jakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Jerv
Det kan fellast totalt 8 jerv i Region 1. Jakttida er frå 10. september 2019 til 15. februar 2020.
Ulv
Det kan fellast totalt 3 ulv i Region 1. Jakttida er frå 1. desember 2019 til 31. mai 2020.
Jegerar som skal på jakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar): 51 56 89 00. Den som feller eller løyser skot mot jerv eller ulv, skal også straks melde frå til Fylkesmannen på tlf. 51 56 89 15/986 76 987 og til kommunen. Felte dyr skal synast fram for Statens naturoppsyn for kontroll.
Sjå også vedlagt vedtak om lisensfelling for ein fullstendig oversikt over vilkår for jakta.