Oppstart av skogvern Frøyland naturreservat i Sokndal

Det er meldt oppstart av frivillig vern for eit eike- og edellauvskogområde på gnr. 58/1 og 59/1 i Sokndal kommune. Merknader til meldinga kan sendast Fylkesmannen i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.01.2014

Fylkesmannen tek sikte på å utarbeide eit konkret verneforslag med grenser og verneforskrift i løpet av våren 2014. Forslaget vil bli sendt ut på samordna sentral og lokal høyring til aktuelle partar.

Kart og meldingsbrev er lagt ut på høyring i dokumentlenkene til høgre.

Høyringsfrist er laurdag 1. mars 2014.

Lavjakt i edellauvskog, Frøyland i Sokndal kommune.

Praktkrinslav frå Frøyland edellauvskog i Sokndal kommune.

Praktkrinslav. Foto Audun Steinnes

På lavjakt i Frøyland edellauvskog.
Foto: Audun Steinnes

 
 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.