Fylkesmannen har gitt høyringsuttale til revidert kommuneplan Hjelmeland
Hjelmeland kommune har lagt ned mykje godt arbeid i kommuneplanrulleringa. Det har vore eit flott medverknadsarbeid, men for fleire tema saknar me meir overordna grep. Dette gjeld for tettstadsutviklinga i Årdal og Fister og område for akvakultur- og råstoffutvinning. Planen er på god veg, men det er behov for noko meir arbeid før endeleg vedtak .
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fleire av arealdisponeringane når det gjeld råstoffutvinning, akvakultur og føresegner/retningsliner er konfliktfylte i forhold til nasjonale og regionale omsyn. Her har Fylkesmannen motsegn.
Sentrumsplanlegging
Årdal treng ei klar utviklingsretning og Fister treng ein overordna plan som sikrar senterkarakterar . Kommunen har som mål å styrke tettstadene Årdal og Fister gjennom eigne sentrumsplanar. Arbeidet med sentrumsplanen for Hjelmeland sentrum er allereie godt i gang.
Fleire av arealforslaga legg premissar for sentrumsutviklinga i Fister og Årdal. Dette kan gi konsekvensar for overordna grep i høve kommande sentrumsplan. Fylkesmannen har derfor motsegn til nokre av forslaga i Fister og Årdal.
Råstoffutvinning
Det er lagt inn mange område til råstoffutvinning, utan tilstrekkeleg vurdering av behovet innanfor planperioden på 12 år. Fylkesmannen stiller spørsmål ved behovet for alle desse områda i løpet av perioden. Det blir derfor føreslege å utarbeida ein strategi eller plan for
råstoffutvinning, for å sjå behovet over ein lengre periode, sjå dei samla verknadene for miljø og samfunn, samt gi eit grunnlag for prioritering og utvinningstakt. Fleire av føreslått område er i konflikt med landskap- og landbruksomsyn. Fylkesmannen har derfor motsegn til fleire av områda.
Akvakultur
Havbruk er ei viktig næring i kommunen.Kommunen burde derfor nytta planprosessen til å kartlegge behovet for nye område, og dersom behovet er til stades, finna dei best eigna områda for akvakultur som ikkje kjem i konflikt med viktig natur-, ferdsels- og fiskeinteresser. Innspela som er tatt med i planen ser ut til å vere baserte på næringa sine innspel, utan ei tilstrekkeleg vurdering av behov og interessekonfliktar. Også her saknar Fylkesmannen ein heilskapleg gjennomgang av områda, og meiner det krevst ei grundigare behovsvurdering og konsekvensutgreiing før revidert planforslag for sjøområda blir presentert.
Vår uttale finn du i høgremargen