Medhald i klage på handelsetablering
Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer om Rogaland fylkeskommune sitt vedtak om samtykke til bruksendring fra bilforretning/kontorbygg til møbelforretning på Forus i Sandnes kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Regionalplan for Jæren har føresegner om at handel, med nokre få unntak, skal etablerast i sentrumsområde. I mai 2017 ga Rogaland fylkeskommune samtykke til at bygget i Stokkamyrveien 26 på Forus kunne omdisponerast til møbelbutikk. Fylkesmannen i Rogaland klaga på dette vedtaket, og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har nå tatt klaga til følge.
Fylkesmannen klaga vidare på Sandnes kommune sitt vedtak om dispensasjon etter
plan- og bygningslova. Denne klaga blei behandla av Fylkesmannen i Hordaland som
settefylkesmann, og blei også tatt til følge.
Biltema
Tidlegare denne månaden vurderte Kommunal- og moderniseringsdepartementet også ei anna sak om handelsetablering på Forus. Dette gjaldt varehus for Biltema, der Fylkesmannen i Rogaland hadde klaga på dispensasjon gitt av Stavanger kommune. Departementet fann ikkje grunn til å gjere om det endelege vedtaket til Fylkesmannen i Hordaland. Les meire om dette her.