Klare utfordringar og prioriteringar i planprogrammet til Suldal

Suldal kommune skal revidere både samfunns- og arealdel i kommuneplanen og har hatt planprogrammet ute til offentleg høyring.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.02.2021

Planprogrammet er eit viktig verktøy i kommuneplanprosessen og skal gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad, alternativ som blir vurdert og behov for utgreiingar.

Statsforvaltaren meiner dette var eit godt strukturert planprogram med ei god kopling frå overordna mål som FN sine berekraftsmål, ned på eit lokalt nivå. Planprogrammet presenterer på ein klar måte kommunen sine utfordringar og prioriteringar, med godt fokus på viktige samfunnsområde.

Kommunen har sett opp følgjande prioriterte utfordringar (med fleire undertema) for arbeidet med kommuneplanen:

  • Fleire folk og folk som trivst (god oppvekst for alle, arbeidsmarknad, rekruttera og behalda kompetanse, god arbeidsgjevarpolitikk, frivillig innsats, auka tal eldre og færre yrkesaktive, fellesskap og mangfald

  • Næring (næringsutvikling og tilgang på næringsområde, landbruket som viktig næring og som sentral for busetnaden, aktiv skogbruksdrift)

  • Samferdsel (båt- og busstilbod, rassikring og heving av vegstandard, gang og sykkelvegar)
  • Økonomi

  • God digital standard

  • Klima

  • Kultur

  • Arealstrategi

  • Behov for utredningar – her er spesifikt synt til ønskje om utviding av Norsk Stein AS på Berekvam. Vidare fokus på koplinga mellom klimatilpassing, ROS-analyser og arealplanlegging /samfunnstryggleik, samt om revidering av beredskapsplan

 

Krev grundig konsekvensutgreiing for utviding av steinbrot

Statsforvaltaren meiner planprogrammet peikte på fleire, viktige utfordringar som kommunen står ovanfor. Til dømes blir det under næringsutvikling opplyst at Norsk Stein AS har signalisert ynskje om utviding. Dette er eit tema som skapet mykje engasjement i kommunen, og Statsforvaltaren gav tilbakemelding om at det i eit slikt tilfelle vil måtte utarbeidast ein grunding konsekvensutgreiing som tar føre seg alle aktuelle konflikttema.

Utarbeiding av ny risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) er ei anna utgreiing som vil vere viktig for samfunnstryggleiken i kommunen.

Landbruk og klima

Vidare vil arbeidet med ny landbruksplan være ein viktig del av arbeidet med næring i Suldal, både som arbeidsplass og matprodusent. Suldal kommune vil integrere klima- og energiplanlegging i kommuneplanen, noko me meiner er eit godt grep for forankring og heilskap for klimaarbeidet i kommunen. Klimadelen bør også inkludere fleire av konsekvensane av dei andre utfordringane kommunen presenterer i planprogrammet, som spreidd bustadbygging og landbruk.

Meir fokus på folkehelse

Avslutningsvis har Statsforvaltaren etterlyst meir fokus på folkehelse i kommuneplanen. Folkehelse er eit tema som gjennomsyrar alle delar av eit samfunn, har stor påverknad på livskvalitet og har avgjerande betydning for utviklinga av berekraftige (lokal)samfunn. Det er difor særs viktig at kommunen gjennom planarbeidet sikrar eit langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert folkehelsearbeid.

Les heile uttalen i dokumentlenka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.