Søknad om midlertidig etablering av ein Artic Dome i Hjelmeland - settestatsforvaltar gjer om kommunens vedtak
Statsforvalteren i Rogaland klaga på Hjelmeland kommune sitt vedtak om å gje midlertidig dispensasjon for oppføring av ein Artic Dome i strandsona på eigedom 64/4. Omsøkt plassering kjem i konflikt med strandsoneinteressane på staden, jf. plan- og bygningslova § 1-8. Statsforvaltaren i Vestland var settestatsforvaltar i saka, og har kome til at vilkåra for dispensasjon ikkje er oppfylt og gjer om kommunen sitt vedtak.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvalteren i Rogaland sine hovudargument er at tiltaket er ønska plassert i ein ubygd del av strandsona som kan ha høg rekreasjonsverdi for ålmenta og at tiltaket kan svekke denne kvaliteten. Me har også lagt vekt på at det er eit planavklart område til utbygging i kommuneplanen på same eigedom. Statsforvaltaren i Vestland støtter vår grunngjeving og poengterer at sjølv om anna plassering ikkje er optimal eller førstevalet for søkjar er dei alternative plasseringane like fullt tilstade, og skal vektleggast spesielt i vurderinga av om det er nødvendig å sette til side omsyna til ålmenta gjennom dispensasjon for plassering i urørt strandsone.
Klagen vår og klageavgjerda ligg vedlagt.