Statsforvaltaren i Rogaland har gitt uttale til Regionalplan for grøn industri

Rogaland fylkeskommune har i samarbeid med kommunane, Statsforvaltaren og dei regionale nettselskapa utarbeida ein regional plan for grøn industri.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.03.2023

Planen er basert på eit grundig kunnskapsgrunnlag og brei medverking, og planarbeidet har vore godt organisert. Det endelege planforslaget er oversiktleg og tydeleg, og viser gode avvegingar mellom omsynet til miljø- og naturressursar og målsetting om auka næringsverksemd og -aktivitet i regionen.

Vi meiner at planen kunne vore meir konkret på utpeiking av prioriterte næringsområde for utvikling av grøn industri.

Vår største bekymring knyta til planen er at han ikkje tar inn over seg den totale situasjonen i kraftforsyninga til regionen. Vi har per i dag utfordringar med tilstrekkeleg kraftforsyning i deler av fylket. Tiltak i sentral- og regionalnettet skal bøte på det, men ei storstilt utbygging av kraftkrevjande industri vil raskt kunne «ete opp» den auka forsyningstryggleiken som desse tiltaka skal gi. Større tiltak og oppgraderingar i kraftnettet vil også ha ein økonomisk kostnad, som ikkje er omtala i planen, jf. og vår uttale til planprogrammet.

Vidare meiner vi at planen legg for stor vekt på moglegheitene for å restaurere og kompensere for tapt areal. Utgangspunktet frå vår side er at verdifulle natur- og jordbruksområde ikkje skal byggast ned. Jf. Naturavtalen skal restaurering av delvis øydelagt natur kome i tillegg til bevaring av natur som ikkje er øydelagt. Tilsvarande er omtala i Regional jordvernstrategi om kompenserande tiltak for landbruket.

Ut over dette har vi og fleire andre innspel til presiseringar og forbetringar av planen. Vi takkar for godt samarbeid så langt, og ser fram til å bidra vidare fram mot sluttføring av planarbeidet.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.