Settefylkesmann opphevar to planvedtak i Klepp kommune
Klepp kommune vedtok i mai 2020 detaljreguleringsplan for ny barneskole ved Kleppeloen og detaljreguleringsplan for m.a. friområde og bustader på Loen. Vedtaka blei klaga på av fire privatpersonar, med støtte frå 23 privatpersonar i nærmiljøet. Fylkesmannen i Vestland har behandla saka som settefylkesmann, og 04.09.2020 blei begge vedtaka oppheva på grunn av saksbehandlingsfeil.
Oppdatering 24.09.2020: Fylkesmannen i Vestland gjer i vedtak 23.09.2020 om deler av sitt eiga vedtak slik at detaljreguleringsplan for Loen (plan 2019016) blir oppretthaldt. Detaljreguleringsplan for Kleppeloen barneskule (plan 1860) er framleis oppheva.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
At planvedtaket for plan 1860 blei oppheva betyr at sakene blir sendt tilbake til kommunen for ny behandling. Fylkesmannen i Vestland har oppsummert saka på denne måten:
«Fylkesmannen har vurdert sakens faktiske og rettslige sider. Etter vårt syn foreligger det mangler ved utarbeidelsen av konsekvensutredningen (plan 1860), ved at metodikken og grunnlaget for verdisetting av konsekvenser ikke tydelig fremgår. Videre er det gjort saksbehandlingsfeil ved konsekvensutredningen og saksopplysningen for øvrig, jf. forvaltningsloven § 17.
Det er uklart om det er faglig grunnlag for konklusjonene og verdisettingen i konsekvensutredningen, og om utredningen er utarbeidet med tilstrekkelig objektivitet og avstand til forslagsstillerens interesser, jf. KU-forskriften § 5. Fylkesmannen har på denne bakgrunnen kommet til at planvedtakene for plan 1860 og plan 2019016, som er tett knyttet til hverandre, er ugyldige og må oppheves.
Klagene har ført frem.»
Oppdatering: Fylkesmannen i Vestland gjer om eit av sine eigne vedtak
Fylkesmannen i Vestland har oppsummert grunngjevinga for omgjeringsvedtaket sitt på følgande måte 23.09.2020:
«Framgangsmåten med å dele opp ein samansett arealbruk i enkeltvise detaljreguleringsplanar, utan ei felles eller områdevis avklaring, er uvanleg. Dette er likevel ikkje ein klar ugyldigheitsgrunn, men ei vurdering som er underlagt planstyresmakta sitt skjønn, jf. plan- og bygningslova § 12-2. Som klageinstans er Fylkesmannen ikkje delegert myndigheit til å overprøve forvaltningsskjønnet i plansaker, jf. delegeringsrundskriv T-8/86 frå (då) Miljøverndepartementet. Fylkesmannen viser vidare til brev 16.01.2004 frå departementet,6 og til omtalen av vår myndigheit i vedtaket 04.09.2020 (s. 3-4).
Sidan Fylkesmannen ikkje har myndigheit til å oppheve kommunale planvedtak på grunn av endra skjønn i klageinstansen, er vedtaket 04.09.2020 pkt. 2 ugyldig. Det rette blir då at det er kommunen sjølv som avgjer kor vidt funn frå ny/supplert KU for plan 1860, også skal få verknader for plan 2019016.»
Vedtaka til Fylkesmannen i Vestland er endelege, og du finn dei lagt ved denne nettsaka.
Kontaktpersonar
-
Monica Nessa
Tlf: 51 56 88 71 / 48 12 68 47 -
Tage A T Eriksen
Tlf: 51 56 88 92