Nettstad om områder med skredfare
Skrednett samlar fakta og ekspertise frå skredfaglege miljø. På www.skrednett.no finn du oppdaterte oversyn over skredutsette område, risikonivå og data om alle typar skred for heile landet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fakta om tidlegare skred
Skrednett informerer om skredfarlege område og om faktiske hendingar i historisk tid. Som eit av dei første tilgjengelege arkiv finn du 3000 registreringar av skredulykker. Det vil etter kvart bli arbeidd med å leggje fleire datasett inn i karttenesta på Skrednett.
Målgrupper
Hovedmålgruppen er kommunane, som etter plan- og bygningslova mellom anna har ansvar for planlegging, arealbruk og tiltak for å medverke til innbyggjarane si tryggleik mot skred.
Regionale styresmakter, grunneigararog utbyggjarar, alpinanlegg, anleggsbransjen, redningstenesta, Den norske Turistforening, politi og media er andre viktige målgrupper for Skrednett. Karttenesta er tilpasset brukarar utan spesiell geofagleg kompetanse. Fjell- og skituristar kan også gjere seg god nytte av skrednett.
Ordinær drift
Data på skrednett er samastilte gjennom prosjektet Nasjonal skreddatabase og er resultat av eit samarbeid mellom NGU, Statens kartverk, NGI, NVE, NTNU, SINTEF, Vegvesenet, Jernbaneverket, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Forsvaret, Statens naturskadefond, Norsk Naturskadepool og fleire kommunar.
Nasjonal skreddatabase går over i ordinær drift frå 1. januar 2006. Norges geologiske undersøkelse (NGU) har koordineringsansvaret for prosjektet. NGU har driftsansvar for nettstaden og Nasjonal skreddatabase.