Nye retningslinjer for motsegn - samfunnstryggleik
Som følgje av den nye plan- og bygningslova har fylkesmannen fått nye retningslinjer for bruk av motsegn når det gjeld samfunnstryggleik i arealplanlegginga.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Plan- og bygningslova set krav om omsyn til samfunnstryggleik i all arealplanlegging etter lova. Målet er å førebygge risiko for tap av liv og skade på helse, miljø, materielle verdiar, viktig infrastruktur og samfunnsviktige funksjonar. Mellom anna skal kommunane sjå til at det blir laga risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) for planområdet. ROS-analysane skal både famne risiko og sårbarheit frå naturen si side og det som måtte følgje av den planlagde utbygginga. I analysen skal det og vurderast kva konsekvensar framtidige klimaendringar kan ha for planområdet.
Fylkesmannen si rolle
Fylkesmannen skal sikre at nasjonale krav og føringar til samfunnstryggleik blir følgt opp i arealplanlegginga. Dersom samfunnstryggleik ikkje er godt nok tatt vare på i planen kan fylkesmannen bruke motsegn. Eksempel på dette kan vere at det ikkje er laga ROS-analyse, eller at analysen har vesentlege manglar. Det er og grunnlag for å fremje motsegn dersom viktige funn i ROS-analysen ikkje er tatt omsyn til i arealplanen.
Det er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap som har laga retningslinjene. Me gjer merksam på at det også er lagt ved eksempel på kva tema kommunane bør vurdere i sine ROS-analysar i desse retningslinjene.
Kontaktpersonar
-
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80