Nye retningslinjer for planlegging og utbygging i fareområde langs vassdrag

Arealplanlegging som tar omsyn til flaum, erosjon og ras er det viktigaste virkemiddelet for å førebygge skader av slike hendingar. Kommunane bør så tidleg som mogleg i planlegginga skaffe seg oversikt over og kunnskap om fareområda. Arealbruk bør styrast utanom desse område. Alternativt må det inn føresegner som sikrar tilstrekkeleg tryggleik.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.07.2008

Noregs vassdrag og energiverk (NVE) la fram nye retningslinjer for planlegging og utbygging i fareområde langs vassdrag 3. juli 2008. Desse seier noko om kva som kan utgjere ein fare og kva tryggleiksnivå som bør leggast til grunn ved planlegging og utbygging langs vassdrag. Vidare korleis ulike farar bør utreiast og inngå i arealplanar og byggesakar.

Arealdelen i kommuneplanen bør som eit minimum gi oversikt over potensielle fareområde og føresegn om vidare planlegging. I reguleringsplanar bør farekartlegginga vere så nøyaktig at det er mogleg å avgjere om utbygging kan tilrådast i forhold til tryggleiksnivå i retningslinjene til NVE og Teknisk forskrift til plan og byggningslova. Teksten i dei nye retningslinjene er omarbeida og utvida. Tilrådde prosedyrar for utarbeiding av fare på dei ulike plannivå blir særskild framheva.

Som eit vedlegg til retningslinjene er det tatt med ein geoteknisk rettleiar om korleis ein bør sjå nærare på stabiliteten i område med kvikkleire og andre jordartar med liknande trekk.

Retningslinjene ligg på NVE sin nettstad

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar