Flaumfare i Sauda og Suldal
Onsdag varsla NVE flaumfare på gult nivå i Suldal. I dag er aktsemdsnivået heva til oransje og gjeld både Suldal og Sauda.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.07.2015
Dette er det nest øvste aktsemdsnivå. Årsaka er mykje snøsmelting og stor vassføringsauke det siste døgeret i vassdrag som drenerer høgfjellsområde.
Det er framleis venta varmt vær, også høgt til fjells, derfor er det venta ytterlegare vassføringsauke på grunn av snøsmeltinga.
Fylkesmannen i Rogaland følgjer situasjonen og har varsla kommunane Sauda og Sulda.
Du finn oppdatert flaumvarsel frå NVE i høgremargen.
Kontaktpersonar
-
Grete Flåten
Tlf: 51 56 88 36 -
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80