Uvêret: Oppgradert til ekstremvêret Urd
Varselet om storm 2. juledag er oppgradert til ekstremvêrvarsel. - Folk bør sikra lause gjenstandar og halda seg unna strandsonene, oppmodar fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Oppdatert 26. desember kl. 21.10
Det er sendt ut oppdatert varsel frå Meteorologisk institutt kl. 19.50 i kveld:
I kveld mandag nordvest full og til dels sterk storm, lokalt med vindkast på 30-45 m/s innover land. Utover kvelden og tidlig natt til tirsdag ventes vinden gradvis å minke, først i nordlige områder. Det vil bli høye bølger langs kysten, signifikant bølgehøyde 11-13 m. Maksimal bølgehøyde 20-25 m.
Fylkesmannens vurdering
Det er om lag same ordlyden som dei har meldt tidlegare. Me har fått utfyllande informasjon frå vakthavande meteorolog. Urd er på det kraftigaste akkurat nå. Vinden kjem til å vera sterk for sidan å bli svakare mot midnatt. Ettersom vindretninga nå er nordvest er det kyststroka som vil merka vinden mest. Vinden kjem til å svekkast først i nord og vare lengst i Dalane. Me har vore i kontakt med alle kommunane i kveld. Det er ikkje meldt om større hendingar. Men me vil gjerne ha beskjed dersom noko skjer.
Kontaktperson hos Fylkesmannen i Rogaland er Reidar Johnsen, fylkesberedskapssjef, tlf. 51 56 88 39/415 23 431.
Oppdatert 26. desember kl. 17.00
Me har lagt ut ei liste over kontaktnummer til sentrale etatar i Rogaland under Urd (i vedlegga i nettsaka). Der finn du også satellittelefonnummera til Fylkesmannen i Rogaland og fleire andre dersom det ordinære telenettet skulle gå ned.
Oppdatert 26. desember kl. 14.45
Ekstremvêret Urd er nå inne i fase C. Det betyr at det pågår akkurat nå. Siste oppdatering frå Meteorologisk institutt kom kl. 14.26.
I ettermiddag, mandag, vestlig full og periodevis sterk storm, tidlig i kveld dreiende nordvest. Det ventes vindkast på 35-45 m/s inn over land. Seint i kveld og tidlig natt til tirsdag minkende vind, først i nordlige områder. Det vil også bli høye bølger langs kysten, signifikant bølgehøyde på 11-13 m. Maksimal bølgehøyde på 20-25 m. Mellom Lindesnes og Stad ventes høy vannstand i ettermiddag og i kveld, estimert til 60-85 cm over verdiene oppgitt i tidevannstabellen.
Fylkesmannens vurdering
Det er ikkje endring i forhold til forrige oppdatering. Siste informasjon er at vinden dreier frå vest til nordvest rundt kl. 18-20 i kveld. Det er venta å løya om lag ved midnatt.
Kontaktperson hos Fylkesmannen i Rogaland er Reidar Johnsen, fylkesberedskapssjef, tlf. 51 56 88 39/415 23 431.
Oppdatert 26. desember kl. 12.10
Meteorologisk institutt har sendt ut nytt ekstremvarsel i samband med Urd kl. 10.50 i føremiddag.
I ettermiddag, mandag, økning til vestlig full og periodevis sterk storm, tidlig i kveld dreiende nordvest. Det ventes vindkast på 35-45 m/s inn over land. Seint i kveld og tidlig natt til tirsdag minkende vind, først i nordlige områder. Det vil også bli høye bølger langs kysten, signifikant bølgehøyde på 11-13 m. Maksimal bølgehøyde på 20-25 m. Mellom Lindesnes og Stad ventes høy vannstand i ettermiddag og i kveld, estimert til 60-85 cm over verdiene oppgitt i tidevannstabellen.
Fylkesmannens vurdering
Det ser ut som Urd framleis har den vindstyrken som er meldt tidlegare. Uforandra i forhold til vindstyrke og bølgehøyde. Ut ifrå prognosane på www.sehavniva.no ser det ut som at vasstandsnivået ikkje blir så høgt som tidligare rekna med (150 cm over sjøkartnull). Nå ligg prognosane på 141 cm i dag kl. 20.40, og dette er under eitt års gjentaksintervall. Vinden og bølgehøgdene fører likevel til oppstuing av sjø og kan føra til skader sjølv om vasstandsnivået i seg sjølv ikkje er ekstremt.
Kontaktinformasjonen til kommunane i samband med Urd finn du som vedlegg til denne nettsaka.
Kontaktperson hos Fylkesmannen i Rogaland er Reidar Johnsen, fylkesberedskapssjef, tlf. 51 56 88 39/415 23 431.
Viktig informasjon kan også sendast til fmroberedskap@fylkesmannen.no.
Oppdatert 26. desember kl. 09.55
Me har lagt ut kontaktinformasjon til kommunane i Rogaland i samband med ekstremvêret Urd. Du finn lista som vedlegg til nettsaka.
La bilen stå!
Statens vegvesen oppmodar folk om å la bilen i stå i dag. Vegvesenet ønskjer at folk skal ferdast trygt på vegane våre. Med eit ekstremt vêr i vente, kan det oppstå uføresette og farlege hendingar. Derfor ønskjer vegsesenet minst mogleg trafikk når uvêret står på som verst. Berre dei siste dagane har fleire vegar blitt stengde av ras eller uvêr på fjellet. Folk må vera budde på at bruer kan bli stengde og ferjer innstilte.
Her er oppdatert varsel frå Meteorologisk institutt, sendt ut i kl. 05.03 i dag tidleg
Vestlandet sør for Stad
I ettermiddag, mandag, økning til vestlig full og periodevis sterk storm, tidlig i kveld dreiende nordvest. Det ventes vindkast på 35-45 m/s innover land. Seint i kveld minkende vind. Det vil også bli høye bølger langs kysten, signifikant bølgehøyde på 11-13 m. Maksimal bølgehøyde på 20-25 m. Mellom Lindesnes og Stad ventes høy vannstand i ettermiddag og kveld, estimert til 75-90 cm over verdiene oppgitt i tidevannstabellen.Beskrivelse av værsituasjonen
I dag, mandag morgen, ligger et stormsenter med trykk 955 hPa i Norskehavet. Stormsenteret går sørøstover og kommer inn mot Sunnmøre seint i ettermiddag.
Oppdatert 25. desember kl. 13.55
Meteorologisk institutt har nå oppgradert varselet om storm 2. juledag til ekstremvêr. Det har fått namnet Urd.
For Vestlandet sør for Stad er varselet nå:
«Mandag ettermiddag økning til vestlig full og periodevis sterk storm med vindkast på 35-45 m/s innover land, tidlig på kvelden dreiende nordvest, minkende sent om kvelden. Det ventes også høye bølger langs kysten. Signifikant bølgehøyde er ventet å være mellom 13 og 15 m, med maksimal bølgehøyde opp mot 25 m. Mellom Lindesnes og Stad ventes høy vannstand mandag ettermiddag og kveld. Sent mandag ettermiddag og tidlig kveld ventes vannstanden her å være 75-90 cm over verdiene oppgitt i tidevannstabellen»
Jordskredvarsel
For kommunane Vindafjord, Sauda, Suldal og Hjelmeland er det sendt ut jordskredvarsel på gult nivå for i dag, 1. juledag, frå NVE:
«Det ventes mye regn i løpet av dagen, 20-40 mm i Sør-Trøndelag, 40-60 mm på Vestlandet, lokalt høyere. Grunnvannstanden og vannmetningsgraden i bakken er høy. Bratte skråninger, samt bekker og elveløp med stor vannføring er spesielt utsatt. Rensing av dreneringsveier og stikkrenner anbefales"
Snøskredvarsel
Fylkesmannen minner om at NVE framleis har snøskredvarsel faregrad 4 for kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland og Forsand i dag.
Fylkesmannens vurdering ekstremværet Urd
Oppdatert informasjon på www.sehavniva.no seier at vassstanden kl. 20.10 2. juledag er 150 cm over sjøkartnull i Stavanger, referansemålepunktet for Rogaland (147 cm er eitt års gjentaksintervall). Det er samme nivået som det var på julaftanen. Forskjellen er at det blir mykje sterkare vind og høgare bølger 2. juledag. I tillegg er det tradisjon for at det er fleire folk som er ute den dagen.
Me har snakka med vakthavande meteorolog, og Meteorologisk institutt er sikre på at ekstremvêret 2. juledag kjem til Rogaland. Det blir i storm styrke frå rundt kl. 15.00 og varer om lag til midnatt. Kanskje blir detmest ekstremt når vinden dreier frå vest til nordvest rundt kl. 17.00. Heile fylket kan bli ramma, både sør og nord, kyst og innland.
Kommunane må vurdera beredskapen
Fylkesmannen tilrår at kommunane vurderer beredskapen sin 2. juledag for å vera budde på at sterk vind mellom anna kan føra til rotvelt av tre, skade på eigedom, straumbrot og skader i kystsona som følgje av vind, høge bølger og høg vasstand.
Det er viktig å ta kontakt med utsette verksemder slik at dei rekk å gjera nødvendige førebuingar. Kommunane må også vera budde på å etablera nødvendige delar av kriseleiinga si dersom ekstremvêret gjer dette nødvendig. Det kan vera aktuelt at me ber om situasjonsrapportar frå kommunane 2. juledag.
Me er på jobb 26. desember for å følgja situasjonen. Kontaktperson hos Fylkesmannen i Rogaland er Reidar Johnsen, fylkesberedskapssjef, tlf. 51 56 88 39/415 23 431. Viktig informasjon kan også sendast til fmroberedskap@fylkesmannen.no.
Oppdatert 24. desember
Meteorologisk institutt har sendt ut oppdatert informasjon om vêret i jula; det kjem til å blåsa kraftig mandag 2. juledag. Det er venta eit stormsentrum seint på ettermiddagen og kvelden. Vest og seinere nordvest full og kan hende sterk storm med vindkast mellom 30-40 m/s innover land. Vêret er førebels like under kriteria for ekstremvêr, men dette kan endra seg. Det er også venta høge bølger mot kysten, 9-11 meter signifikant bølgehøgde.
Høg vasstand
Når det i tillegg er meldt høg vasstand med maksimalverdiar på 152 centimeter over sjøkartnull både julaftan kl. 19.50 og 2. juledag kl. 21.10 (147 cm er eitt års gjentaksintervall), er det viktig å tenka på at kombinasjonen vind, høge bølger og høg vasstand kan føra til skadar langs kysten.
Varsel sendt ut av Meteorologisk instiutt 24. desember
Seint måndag ettermiddag og måndag kveld er det venta vest seinere nordvest full og kan henda sterk storm med vindkast mellom 30-40 m/s innover land. Det er venta også høge bølger inn mot kysten, 9-11 meter. Mellom Lindesnes og Stad blir truleg vasstanden 60-80 cm over verdiane oppgitt i tidevasstabellen.
Fylkesmannen følgjer situasjonen gjennom julehelga og informerer kommunane og aktuelle verksemder når ny informasjon kjem.
Fare for snøskred
Vèrforholda aukar også faren for snøskred. NVE vurderer farenivået som "betydeleg" 1. juledag. Hald deg oppdatert på varsom.no
Kontaktperson hos Fylkesmannen i Rogaland er Reidar Johnsen, fylkesberedskapssjef, mobil 415 23 431.
Oppdatert 23. desember
Meteorologisk institutt melder i dag om fare for høg vasstand, rekna til 60-70 centimeter over høgda i tidevasstabellane laurdag kveld, det vil seia julaftanen. På nettstaden www.sehavniva.no går det fram at vasstanden kl. 19.30 i morgon kveld er 150 centimeter over sjøkartnull i Stavanger hamn, det einaste målepunktet i Rogaland.
Høg vasstand
Vindretninga er vest sør/vest. Det er meldt vind i tillegg, så det er viktig å ta bølgepåslag med. Erfaringa vår tilseier at med eit slikt vasstandvarsel er det fare for at vatn kan pipla inn i bygningar langs Vågen i Stavanger. Dette skjedde mellom anna i desember 2011. Då kom vatnet inn i restauranten Mexico ved eit tilsvarande varsel på 150 centimeter.
- Pass på julepynten!
- Folk bør sikra lause gjenstandar - ikkje minst all julepynten som dinglar utandørs nå, seier fylkesberedskapssjef hos Fylkesmannen, Reidar Johnsen. Han han legg til at båtfolket bør sjekka fortøyingane, dessutan er det meldt om så høge bølger langs kysten at folk bør vera varsame me å ferdast i strandsonene.
Artikkelen held fram under biletet.
Kraftig vind
Måndag er det venta full, og kanskje sterk, storm med vindkast mellom 30-40 m/s på Vestlandet sør for Stad. Det er kan bli høge bølger inn mot land på Vestlandet - og høg vasstand langs heile kysten frå svenskegrensa til Kristiansund.
Ikkje ekstremvarsel førebels
Vêrsituasjonen blir nå følgt ekstra nøye av Meteorologisk institutt, men inntil vidare har ein ikkje grunnlag for å gå ut med ekstremvarsel. Men dette kan endra seg, derfor oppmodar me folk om å sjekka på nett, radio og tv for å halda seg orientert.
Sjekk yr.no for oppdaterte varsel.