Uvêret: Oppdatert varsel på raudt nivå
Laurdag og natt til søndag er det venta ekstreme nedbørmengder i indre strok av Rogaland. Det er venta 100-140 millimeter i løpet av eitt døgn, og lokalt i indre strøk kan det koma 140-160 millimeter.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Enkelte stader kan det koma nedbørmengder med 25-50 års returverdi. I kystområda er det venta moderate mengder nedbør, melder Meteorologisk institutt.
Raudt og oransje nivå
NVE har i føremiddag oppdatert flaumvarselet i Rogaland til raudt nivå, som er det høgaste varsemdsnivået, i desse kommunane:
- Bjerkreim
- Eigersund
- Forsand
- Gjesdal
- Hjelmeland
- Lund
- Sokndal
- Strand
I alle dei andre kommunane er varselet på oransje nivå, det nest høgaste. Les meir her.
Mest alvorleg i Eigersund
Situasjonen ser i augneblinken mest alvorleg ut i Eigersund kommune. Der har ein sett krisestab og følgjer situasjonen fortløpande. Folk som bur i utsette område er varsla med telefon og tekstmelding.
- Ikkje kjør viss du ikkje må
Det er oppfordringa frå Statens vegvesen. Det er svært mykje vatn på vegane og framkomsten er redusert fleire stader i indre Ryfylke og i sørfylket. På Helleland er det over 20 centimeter vatn på vegen. Der slepp ein bare forbi éin og éin bil. Truleg blir E39 stengt her viss elva held fram med å stiga, opplyser Eivind Stangeland, seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen kl. 13.00.
Her finn du trafikkmeldingar frå Statens vegvesen.
Fare for snø-, jord- og flaumskred
I fleire kommunar varslar også NVE om stor fare for både snø-, jord- og flaumskred. Oppdater deg på varsom.no.
Kontaktpersonar
-
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80 -
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31