– Seks av ti manglar beredskapsavtale

– Den frivillige beredskapen er ein bærebjelke, men skal aldri erstatta det offentlege, sa president i Raudekrossen, Sven Mollekleiv, då han besøkte Fylkesberedskapsrådet 2. desember. Han meiner kommunane må bli flinkare til å avklara forventningar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.12.2014

Mollekleiv viste til undersøkingar som avslører at tre av ti kommunar manglar skikkelege varslingsrutinar. Heile 60 prosent manglar skriftlege beredskapsavtalar med dei frivillige organisasjonane. Slikt bidrar ikkje til å avklara forventningar og roller i ein krisesituasjon, påpeikte presidenten i Raudekrossen.

Ingen blir flinke utan å trena

– Beredskap er ein tilstand. Det handlar om vilje, evne, kompetanse og kunnskap. Langsiktig og heilskapleg tenking er viktig for å handtera dei akutte hendingane på ein god måte. Bare halvparten av norske kommunar organiserer øvingar med det frivillige. Ingen idrettsfolk trur det er mogleg å bli flink utan å trena. Her må alle bli betre, sa Mollekleiv til medlemmene av Fylkesberedskapsrådet.

Fokus på det frivillige

Denne gongen var dei frivillige organisasjonane sin plass i beredskapen, informasjon om Norkring og straumsituasjonen i Rogaland tema for møtet i Fylkesberedskapsrådet. I tillegg var Hå kommune invitert for å orientera om korleis dei tok hand om flaumen på Vigrestad og Brusand 7. august i år.

Saksliste, referat frå møtet og presentasjonane finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument

Aktuelt

Fylkesberedskapsrådet

Skal drøfta samfunnstryggleik og beredskapsspørsmål og vera eit forum for gjensidig orientering om beredskapsarbeidet i fylket. Har medlemmar frå mellom annan politiet, Forsvaret, Sivilforsvaret, frivillige organisasjonar og statlege og fylkeskommunale etatar. Kraftbransjen og finansnæringa er også representert. Rådet blir leia av Fylkesmannen.