Utviklingsmidlar i landbruket - nå kan du søke heile året
Utviklingsmidlar i landbruket omfattar Regionale tilretteleggingsmidlar (RT-midlar) og Regionale kompetansemidlar (RK-midlar). Tidlegare har det vore søknadsfrist to gongar i året. Frå og med i år er det ingen søknadsfrist og ein kan søke når ein har eit godt prosjekt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 28.02.2023
Det er Innlandet fylkeskommune som forvaltar utviklingsmidlane i landbruket. Dersom du har ein god ide om eit prosjekt, ta gjerne kontakt med fylkeskommunen for å diskutere prosjektet. For meir info sjå heimesidene til fylkeskommunen.
Statsforvaltaren bidreg i arbeidet gjennom deltaking i partnarskapen med Innlandet fylkeskommune, Innovasjon Norge Innlandet og faglaga i landbruket.