Evalueringsrapport etter flaumen i Skjåk kommune i 2018
Fylkesmannen i Innlandet har i samarbeid med Skjåk kommune laga ein evalueringsrapport i samband med akuttfasen av flaumhendinga i Skjåk kommune 14. og 15.oktober 2018
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 08.04.2019
Fylkesmannen vil takke Skjåk kommune for det grundige arbeidet dei har lagt ned i evalueringa. Fylkesmannen ynskjer at alle etatar som var med i handteringa av flaumen tar med seg dei gode tiltaka som vart gjennomført til også handtering i framtida, og samtidig ser på forhold som krev forbetringar.
Suksessfaktorar i håndtering av hendinga
- Rekvirering av frivillige, Sivilforsvaret og Forsvaret. Tidleg rekvirering av helikopter frå Forsvaret er svært viktig. På grunn av Trident Juncture 2018, var Forsvarets helikopter i nærleiken og kom difor snøgt inn i arbeidet med evakueringa.
- Lokalkunnskapen til dei ressursane som deltok i akuttfasen var avgjerande. Dette på grunn av at dei kjenner folk, lokale vegar og lokale ressursar.
- Regelmessige – og realistiske- beredskapsøvingar av kriseleiinga, god kjennskap til kvarandre og sine oppgåver. Fylkesmannen øver kommunane i relevante hendingar frå deira ROS og hendingar som er typiske for den einskilde kommune.
- At lokale ressursar tidleg møtte opp på kommunehuset og ytte hjelp med sin fagkompetanse. Dette var viktig for å kome raskt i gong i akuttfasen.
- Det var heilt vesentleg at Politiet deltok som ein del av kriseleiinga, knytt til raske avgjerder i samband med liv og helse.
Kontaktpersonar
-
Asbjørn Lund
Tlf: 61 26 60 40 / 91 16 26 51 -
Gro Taraldsen
Tlf: 61 26 60 41 / 93 26 77 22