Apostillestempel på dokument(2)
For at eit norsk dokument skal vere gyldig i utlandet, må det ha eit apostillestempel. Før eit dokument kan få apostillestempel, må det først vere notarialstadfesta, det vil seie signert av ein notarius publicus (embetsmann som står for visse offentlege rettslege handlingar) og stempla med institusjonens embetsstempel (ofte eit løvestempel). Det er viktig at namn og tittel er skrivne tydeleg, anten med trykte bokstavar eller blokkbokstavar under signaturen.
Omsetjingar frå statsautoriserte translatørar kan apostillestemplast direkte utan å først bli stempla hjå notarius publicus. For dokument som skal brukast i Norden, er det nok med notarialbekreftelse.
Apostillestempelet stadfestar ikkje at innhaldet i dokumentet er riktig, men det stadfestar at signaturen til notarius publicus er ekte. Dette blir kalla legalisering.
Det er Fylkesmannen som legaliserer dokument for bruk i utlandet, det vil seie for dokument som skal brukast i dei landa som har ratifisert Haag-konvensjonen.
Utanriksdepartementet (UD) har ei oppdatert liste over desse landa. UD har også informasjon om dokument som skal brukast i land som ikkje har ratifisert Haag-konvensjonen. Dokument som skal brukast i Norden, treng ikkje apostillestempel. Her held det med ei notarialstadfesting.
Test bilde i brødtekst
Blir det sendt ut varsel sjølv om eg ikkje hukar av for oppdater endret dato?
dette er ein test