Oskespreiing
Dersom du ønskjer at oska di skal spreiast for vinden, kan du sjølv søkje Fylkesmannen om løyve til det. Som hovudregel er det lov å spreie oske på ope hav eller i høgfjellet. Du sender søknaden til Fylkesmannen i det fylket du ønskjer oska spreidd. For å kunne søkje må du ha fylt 15 år.
Også etterlatne kan få løyve til å spreie oske, dersom det blir dokumentert at den døde ønskte det. Foreldre kan få løyve til å spreie oska etter avlidne barn under 18 år.
Privat gravplass
Løyve til privat gravplass blir berre gitt dersom det er særskild offentleg interesse knytt til gravstaden, for eksempel dersom gravstaden blir lagd i tilknyting til ein institusjon som er etablert med bakgrunn i den døde sitt liv og virke innan kunstnarisk, vitskapleg eller anna verksemd.