Beredskap

Oppdatert 06.03.2023

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, men når samfunnet blir råka av ei stor hending eller krise, må vi ha ein plan for korleis vi skal handtere situasjonen. Vi treng planar for krisehandtering, og vi må øve på krisesituasjonar i tråd med planane. Alle aktørar på sentralt, regionalt og lokalt nivå har ansvar for både å planlegge og øve. 

I tillegg til å øve eigen kriseorganisasjon, har Statsforvaltaren ansvar for jamleg å øve kriseleiinga i kommunane. Statsforvaltaren skal dessutan vere ein pådrivar for øvingar som involverer andre regionale fagetatar, som til dømes Forsvaret. 

Beredskap er ein viktig del av samfunnsplanlegginga

Ei anna viktig oppgåve for Statsforvaltaren er å sjå til at vi i samfunnsplanlegginga tek beredskapsomsyn, og at kommunane har eigne kriseplanar. 

Statsforvaltaren skal koordinere den regionale atomberedskapen og medverke til at regionale og lokale etatar utviklar planar for å kunne handtere ei atomulykke. Her er det Statens strålevern som er nasjonal fagetat.

Du er også ein del av Noregs beredskap

Dersom straumen blir vekke eller du blir isolert av veret, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i nokre dagar. Styresmaktene ber oss difor vurdere risiko og sårbarheit i eigen heim. Du bør tenke gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kan få, og korleis nettopp din familie kan handtere det. Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei tre første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål. Her får du gode idear til kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.