Når Statsforvaltaren behandlar søknader om å halde ope på søndagar og heilagdagar, legg vi vekt på omsynet til arbeidstakarane. Vi kan gi dispensasjon når det er særlege grunnar til det, til dømes i samband med større hendingar, idrettsmeisterskap, jubileum, stemne og marknader. Når vi behandlar ein søknad, vurderer vi alle sider ved arrangementet, også omsynet til arbeidstakarane ved utsalsstaden. Vi hentar inn fråsegner frå fleire partar, og du bør derfor sende søknad om dispensasjon ein til to månader før den aktuelle søndagen eller heilagdagen.
Statsforvaltaren kan etter søknad frå kommunen avgjere at eit område skal reknast for typisk turiststad for heile eller delar av året. Då gjeld ikkje avgrensingane i opningstid i lov om heilagdagar og heilagdagsfred.
Opningstider for utsalsstader
Oppdatert 21.12.2022
Butikkar skal som hovudregel halde stengt på søndagar og heilagdagar. Statsforvaltaren kan gi dispensasjon frå dette. Du søkjer om dispensasjon direkte til Statsforvaltaren.
Søn- og helligdagsåpne butikker
I henhold til lov om helligdager og helligdagsfred er det forbudt for butikker å holde åpent på søn- og helligdager.