Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta

Studiet er eit samlingsbasert masterprogram som gir 30 studiepoeng. Den rettar seg primært til leiarar i helse- og omsorgstenesta i kom­munar og tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Søknadsfrist er 15. april 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.01.2020

Styrka leiarskap i kommunale helse- og omsorgstenester er eit prioritert område for regjeringa. Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta er eit sentralt verkemiddel for å nå måla i arbeidet med utfordringane i tenestene. Utdanninga som BI tilbyr, er resultat av eit samarbeid mellom KS og Helsedirektoratet.

I tillegg vil det som tidlegare vere høve til å søkje til ein av dei tre nye klassane som startar hausten 2020 ved BI i Oslo.

Utdanninga rettar seg primært til leiarar i helse- og omsorgstenesta kom­munar og tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Dette omfattar t.d. leiarar i psykisk helsear­beid og rusarbeid, kommunale institusjonar og sjukeheimar, heimebaserte omsorgstenester, helsestasjons- og skulehelsetenesta, hab­iliterings- og rehabiliteringstenesta, offentleg tannhelseteneste, m.a. overtannlegar og klinikkleiarar.

Studiet er eit samlingsbasert masterprogram som gir 30 studiepoeng. Det er sett saman av 6 samlingar på 3-4 dagar i løpet av eit studieåret (haust/vår), inkludert ein utanlandsmodul. Studiet omfattar bl.a. ei praksisorientert prosjektoppgåve om innovasjon og endring i eiga verksemd.

Tema på samlingane er:

  • Samling 1: Leiarskap og samhandling i kunnskapsorganisasjonar
  • Samling 2: Strategisk forvalting og utvikling av kompetanse
  • Samling 3: Organisasjonskultur og gruppedynamikk i helse- og omsorgstenestene
  • Samling 4: Leiarskap i innovasjon og endring
  • Samling 5: Leiarskap og økonomi: styring i offentleg forvalting
  • Samling 6: Jus, internkontroll og etikk

Studieavgifta er dekt av Helsedirektoratet gjennom oppdraget til BI om å tilby utdanninga. Reise og opphald må dekkjast av den enkelte. Det er mogeleg å søkje om tilskot frå KS til gjennomføring av studiet. 

Søknadsfrist 15. april 2020 til: https://www.bi.no/studier-og-kurs/kurs/masterprogram/helseledelse/

Rambøll har på oppdrag frå Helsedirektoratet ansvar for å evaluere leiarutdanninga. De kan lese meir om dei gode evalueringsfunna på Helsedirektoratet si heimeside for Kompetanseløft 2020: https://www.helsedirektoratet.no/om-oss/forsoksordninger-og-prosjekter/kompetanseloft-2020 .

Likeins kan de også lese om leiarutdanninga på KS si nettside her: https://www.ks.no/fagomrader/arbeidsgiverpolitikk/ledelse-og-organisering/sok-pa-nasjonal-lederutdanning-for-primarhelsetjenesten/.

Helsedirektoratet opplyser at det frå hausten 2020 troleg også vil kome eit tilbod om tilsvarande leiarutdanning for toppleiarar i helseføretaka og kommunane som rettar seg mot strategisk overordna leiing av helse- og omsorgstenesta samla. Dette er eit nytt tilbod som er utvikla av KS og RHFa i fellesskap etter oppdrag frå HOD.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.