Statusoppdatering - Leve heile livet
Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet har laga gjennomføringsplan for andre halvdel av eldrereforma i Vestfold og Telemark. Reforma går føre seg i perioden 2019-2023.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Gjennomføringsplanen finn du i boksen "Dokumenter" til høgre på sida.
Sjølv om mykje har fungert bra med e-post-kommunikasjon og møter på Teams, Skype og etter kvart fysisk for nokre få av gongen, har det ikkje vore mogleg å halde dei planlagde samlingane og fokuset på reforma så sterkt som ynskja.
Kommunanes planarbeid held fram og dei har fått tilbod om eit nettbasert digitalt program for prosessplanlegging, med utgangspunkt i vegleiaren «Eit hjelpemiddel for planlegging av lokalt arbeid med kvalitetsreforma for eldre», utarbeida av KS konsulent. Vegleiaren ligg i dokumentoversikta på denne sida.
Avhengig av innspel frå kommunane kan det òg vere aktuelt med andre nettverk, kompetanseheving og støtte, både i regi av KS og Utviklingssentera for sjukeheim og heimetenester i Vestfold og Telemark. Sjå vedlegga i gjennomføringsplanen.
Ei satsing som er på plass i Vestfold og Telemark er Matgledekorps; ei satsing for auka fokus på mat og matglede hjå eldre som får bistand frå dei kommunale tenestene. Prosjektet vert leia av Statsforvaltaren si landbruksavdeling.
Vi tilrår å abonnere på nyheiter frå Helsedirektoratet der nyheitbrev og oppdateringar frå det nasjonale støtteapparatet blir lagt ut. Sjå under Lenker på denna sida.