Klimasamling 14 -15 oktober
Det er framleis mogeleg å melde seg på klimasamling for kommunane i Vestfold og Telemark.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Samlinga er i regi av Miljødirektoratet, og formålet er å hjelpe kommunane i arbeidet med å redusere klimagassutslepp.
Jordbruk står på programmet 14.oktober. Aslak Snarteland, leier i Telemark Bondelag, har eit innlegg. Det blir organisert ein workshop med Marte Helene Tøfte (prosjektleiar 'den dyktige bonden'), og Hellek Berge (kornbonde frå Gvarv med lidenskap for jordhelse).
Trebruk er eit tema 15.oktober.’ Tredrivar' Kristin Vedum fortel om store bygg i tre. Og ein workshop blir organisert med Kristin Vedum, Per Arild Aasheim (Trebruk 014) og Erlend Seilskjær (FutureBuilt).
Program og påmeldingslinken finst her.