Infoskriv nr. 24/2021 - uke 33

  • Betre enn frykta på jordbruksareala
  • ØKS - Virkesdata/forsending 2021-8
  • Kurstilbod frå Kompetansenettverk lokalmat øst
  • Kompetansesamlingar hausten 2021 – vi ønsker forslag på tema og form
  • Virkesforsending 2021-07
  • Høyring - Endring i produksjonstilskotsforskrifta og avløysartilskot i jordbruket
Publisert 12.08.2021

Betre enn frykta på jordbruksareala

Satsinga «Areal ute av drift» syner at meir areal er i drift enn først avdekt. Telemark og Vestfold har om lag 4 % jordbruksareal. Det er lite samanlikna med det totale landarealet i fylket, det er i tillegg store skilnadar innad i fylket med variasjonar frå fjell til kyst. Jordbruksarealet er såleis ein svært avgrensa ressurs og ikkje fornybar.

Les meir her


ØKS - Virkesdata/forsending 2021-8

Virkesdata/ forsending 2021-8 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning. Kommunane må godkjenne ekspederinga innan 20. august. Hugs òg å godkjenna forsendinga for juli om du ikkje har gjort det endå.


Kurstilbod frå Kompetansenettverk lokalmat øst

Noreg er delt inn i fem Kompetansenav som utarbeider tilbod om kurs, seminar, nettverk, studieturar, hospitering og vitjingsordning som er tilpassa bedriftenes behov. I tillegg til disse fem regionale Kompetansenavene, tilbyr også Matmerk kompetanse innan marknadstenester for same målgruppe.

Les meir her


Kompetansesamlingar hausten 2021 – vi ønsker forslag på tema og form

Sjølv om det enno er sommar, går det raskt mot haust og ein kvardag med høgt tempo og faglege utfordringar. Vi er i gang med å planleggje kompetansesamlingar for den kommunale landbruksforvaltninga denne hausten. Vi vil gjerne ha tilbakemelding frå dykk om både aktuelle tema og type samling innan fredag 20. august

Les meir her


Virkesforsending 2021-07

Forsendinga vart klar for godkjenning to veker seinare enn planlagt. Forseinkinga skyltes feil i data som Skogdata fekk frå tømmerkjøparar, og ferieavvikling hos Skogdata har gjort at feilretting har tatt tid.


Høyring - Endring i produksjonstilskotsforskrifta og avløysartilskot i jordbruket

Landbruks- og matdepartementet har sendt endringar i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket på høyring. For å bidra til betre oppfølging og forvaltning av miljøkrava i forskrifta, foreslår departementet endringar i § 4 tredje og fjerde ledd om tilskot for ivaretakelse av kulturlandskap og etablering av vegetasjonssoner mot vassdrag.

Les meir her

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar