Infoskriv nr. 41/2021 - uke 50
- Fire nye avgjerder frå Landbruksdirektoratet – jordlova og konsesjonslova
- Endeleg godkjenning av produksjonstilskot og RMP-tilskot
- Pause i utbetalingar via ELF
- Frist for førebels godkjenning av søknadar om produksjons- og avløysartilskot
- Produksjons- og avløysartilskot i jordbruket – ny utgåve av sakshandsamarrundskrivet
- Gardskart aktuelt – 5. utgåve
- Periodisk ajourhold av AR5
- Skogfond - årsslutt
- Innbetaling av ekstra skogfond
- Tilskotsordning for gjødsling av skog er evaluert
Fire nye avgjerder frå Landbruksdirektoratet – jordlova og konsesjonslova
Ei sak gjaldt klage på omgjering av løyve til nydyrking, ei sak gjaldt avslag på konsesjon til AS, ei sak gjaldt konsesjon ved erverv av ubygd skogeigedom og ei sak gjaldt konsesjon ved erverv som tilleggsjord.
Endeleg godkjenning av produksjonstilskot og RMP-tilskot
15 kommunar har enno ikkje meldt inn kven som skal foreta endeleg godkjenning av RMP-tilskotet, og 1 kommune har enno ikkje på plass godkjennar for produksjonstilskotet.
Pause i utbetalingar via ELF
I perioden frå og med 16.12.2021 til og med 02.01.2022 vil det ikkje vere mogleg for Statsforvaltaren å godkjenne utbetalingar i ELF. Me kan og bør likevel halde fram å handsame saker.
Frist for førebels godkjenning av søknadar om produksjons- og avløysartilskot
23. desember er frist for å registrere søknadar om produksjons- og avløysartilskot som ‘Foreløpig godkjent’/’Avslått’/’Avvist’.
Produksjons- og avløysartilskot i jordbruket – ny utgåve av sakshandsamarrundskrivet
Det har no kome ny utgåve sakshandsamarrundskrivet (Rundskriv 2021-6). Dette kjem i tillegg til det nye kommentarrundskrivet (Rundskriv 2021-47), som vart omtalt førre veke.
Gardskart aktuelt – 5. utgåve
Årets 5. utgåve av Gardskart aktuelt er lagt ut på Nibio sine nettsider der ein kan lese om:
Periodisk ajourhold av AR5
I 2022 er det planlagt periodisk ajourhold av AR5 gjennom geovekstprosjekta i desse kommunane: Drangedal, Nome, Skien Siljan, Larvik og Tønsberg. I området Telemark og Agder vart det køyrt omløpsfotografering i 2021, og det er planlagt omløpsfotografering i 2022 for områda Vestfold og Grenland/Kragerø.
Skogfond - årsslutt
No nærmar det seg årsslutt for skogfond. Vi vil minne om at siste frist for utbetaling av skogfond (utan tilskot) er måndag 20. desember. Husk òg å gå igjennom lista over oppgåver som må gjerast før juleferien. Spesielt minner vi om at rapporten "tilskot i saldo" må sjekkast ein ekstra gang i veke 50.
Innbetaling av ekstra skogfond
Dersom skogeigar ønsker å innbetala ekstra skogfond for 2021 så må innrapporteringa skje elektronisk via Altinn innan 5. januar 2022. Faktura blir utsend 7. januar. Denne innbetalinga vil bli bokført på kontoutskrifta for året 2021.
Tilskotsordning for gjødsling av skog er evaluert
Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Norsk institutt for bioøkonomi har evaluert tilskotsordninga for gjødsling av skog.