Ekstra utbetaling av produksjonstilskot og avløysartilskot
Ei ekstra utbetaling i september skal vere med å kompensere for inntektssvikten og auke inntektsmoglegheitene i jordbruket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 16.06.2022
Grunnlaget for utbetalinga er søknadsomgangane oktober 2021 og mars 2022. Dei som startar opp i 2022, vil få utbetalinga i februar 2023.
Det vert ikkje tak på husdyrtilskot i denne ekstrautbetalinga.