Alle kan rydde ei strand eller ein sti
Hold Norge Rent inviterer til ein ny runde med nasjonal ryddedugnad 11-19 september. Målet er å engasjer frivillige til å rydde naturen for søppel.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi håper du vil rydde ei strand, ein tursti, ein leikeplass, langs leikebekken eller ein annan stad du sett pris på. Ingen kan gjere alt, men alle kan vi bidra med litt. Alle små aksjonar der ein ryddar plast og anna søple er viktige bidrag for ein reinare natur.
I Strandrydderuka kan alle bidra, frå barnefamiliar, gjengen med gode venner, bondelaga og fiskenæringa, friluftsråd, surfarar og elles alle som ønsker ein rein og vakker natur. Du treng hanskar, ein sekk eller pose til søppelet og ein plan for kvar du skal gjere av avfallet. Vi held på i ei heil veke, så fin ein dag og stikk ut å rydd.
Les meir om strandrydde-veka på heimesida til holdnorgerent.no