Barn og unge som ønsker å komme i kontakt med oss
Vi som jobbar med barnevern hos Fylkesmannen er tilgjengeleg for alle barn og unge. Her finn du kontaktinformasjon viss du vil komme i kontakt med oss.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi som jobbar med barnevern hos Fylkesmannen er tilgjengeleg for alle barn og unge.
Dette gjelder barn som bur på barnevernsinstitusjonar, i fosterheim og barn som bur heime.
Fylkesmannens oppgåve er å følgje med på at lovar og reglar blir følgde. Dette gjeld for barn som bur på institusjonar, i fosterheim og barn som bur heime og har hjelpetiltak frå barneverntenesta. Vi kan også gi råd og rettleiing.
Kontaktpersonar og telefonnummer finn du under «Kontaktpersonar» i høgremargen. Du kan nå oss på telefon mellom klokka 08.00 og 15.45 i vekedagane.
Elles kan du ringe Alarmtelefonen for barn og unge, som er 116 111.