Viktige endringar i barnevernlova
Stortinget har nyleg vedteke endringar i barnevernlova. Formålet med lovendringane er å styrke barnevernet og rettane til barna.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.06.2020
Dette er lovendringane:
- Auka aldersgrense for rett til ettervern frå 23 år til 25 år
- Innføring av samtaleprosess
- Innføring av krav om årleg tilstandsrapportering til kommunestyret
- Endring i fylkesnemndas stadlege verkeområde, som mellom anna opnar for at det kan vere fleire nemnder i eit fylke
- Betre vern av barn med skjult adresse
Dei nye reglane om samtaleprosess trer i kraft frå 1. juli 2020. Rett til ettervern fram til fylte 25 år krev auka løyvingar til kommunane. Det er ikkje bestemt når dette skal tre i kraft. Dei andre endringane trer i kraft 1. januar 2021.