Kommunane må halde ope tenestene til barn og unge så langt som råd
Barn og unge er særleg utsette under koronapandemien. Dersom smitteverntiltak rammar barn og unge sine tenestetilbod, skal kommunane gjere risikovurderingar og eventuelt setje i verk kompenserande tiltak.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Auka smitte i enkelte kommunar kan føre til at strenge smitteverntiltak blir sett i verk. Slike lokale tiltak vil kunne få følgjer for drifta av tenestene i kommunane, og såleis ramme barn og unge og deira rettar hardt.
Krav til kompenserande tiltak
Der ein kommune eller offentleg verksemd vurderer å stenge ned eit tenestetilbod, skal det gjerast ei konkret vurdering av kva konsekvensar dette får for barn og unge. Det skal setjast i verk kompenserande tiltak med ein gong dersom det er nødvendig å endre eller redusere tenestene.
Slike tiltak kan innebere å gje informasjon til samarbeidspartar og styrke oppfølginga av risikoutsette barn. Det er viktig at tenestene så langt som mogeleg er opne, og at dei gir informasjon om at dei held ope.
Barn er særleg utsette
Koordineringsgruppa for barn og unge har laga fire rapportar der dei oppmodar kommunane til å gjere risikovurderingar før det blir sett i verk smittetiltak som rammar barn og unge. Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet leiar gruppa, som er sett samen av medlemmer frå blant anna Folkehelseinstituttet, Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet.
Dei viser til at tenestetilboda til barn og unge er samfunnskritiske funksjonar, og er viktige for å ta vare på barn og unges rett på beskyttelse og tryggleik. Barn og unge er særleg utsette i den situasjonen vi er i no, og kommunane må framleis halde oppe tenestetilbodet til barn og unge så langt det er mogleg i den pågåande smittesituasjonen.
Omsynet til barnets beste
Gjennom FN sin barnekonvensjon er Noregs myndigheiter forplikta til å ta vare på barnas beste, sjølv om situasjonen er krevjande. Noreg er også forplikta til å treffe nødvendige tiltak for å sikre at personar med nedsett funksjonsevne får beskyttelse og tryggleik.
Kontaktpersonar
-
Eva Ekblom
Tlf: 55 57 20 99 -
Gunn Randi Bjørnevoll
Tlf: 57 64 31 83 -
Turid Måseide
Tlf: 57 64 31 64