Kartleggingstilsyn med familievernkontora i 2020
I kartlegginga kom det fram at alle familievernkontora hadde sett i verk tiltak for å sikre at dei som treng det kunne få kontakt med og hjelp frå familievernkontora. Vi peika i rapporten på at det er sårbart at det gjekk lang tid før nokre av familievernkontora var tilbake til normal opningstid.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.03.2021, Sist endra 07.04.2021
Statsforvaltaren gjennomførte hausten 2020 eit kartleggingstilsyn med familievernkontora i fylket.
Tema for tilsynet var tilgjengelegheita og tenestetilbodet ved familievernkontora under covid-19 pandemien. Tilsynet vart gjennomført som spørjeundersøking til leiarane ved kontora. Vi har oppsummert tilsynet i ein rapport.