Samisk kultur og språk i barnehagen
Rammeplan for barnehagen peikar på at barnehagen skal bidra til at alle barn kan bli kjende med mangfaldet både i eigen og andre barns kultur. Måler er mellom anna å utvikle fellesskapskjensle og respekt for det samiske mangfaldet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Samiske barn med barnehageplass har krav på støtte til å ta vare på, og utvikle det samiske språket sitt. Dei skal få kjennskap og kunnskap om den samiske kulturen uavhengig av kvar i landet dei bur.
Det er barnehageeigar sitt ansvar å tilpasse innhaldet i barnehagen til samiske barn som bur utanfor samiske distrikt. Personalet skal kjenne til og legge vekt på at den samiske kulturen skal vere ein del av innhaldet i barnehagen. Barnehagen skal legge til rette for at barna også kan få møte samisk språk.