Sikkerheit i barnehagar
Vi har fått fleire spørsmål om regleverket om sikkerheit i barnehagar. Vi har samla noko informasjon her, som vil vere nyttig for barnehageeigarar og tilsette i barnehagar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 10.01.2019
I høgre menyen har vi lenka til «Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.» og nokre nyttige dokument for forståing av regelverket.
Kven har ansvar for kva?
Barnehageeigar har ansvaret for at barnehagen blir drive i samsvar med gjeldande regelverk. Kommunen skal gi rettleiing og sjå til at barnehagane drivast i samsvar med barnehagelova og forskrifta. Kommunen fører tilsyn med barnehagane i kommunen.