Skulen si plikt til å gripe inn i skulemiljøsaker
Alle som arbeidar i skulen skal følge med på korleis elevane har det på skulen og gripe inn overfor krenkingar. Skulen må dokumentere korleis dei har gripe inn i den konkrete saka.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
For å sikre at elevane får eit trygt og godt skulemiljø, skal alle som arbeidar i skulen følge med på korleis elevane har det på skulen, gripe inn overfor krenkingar dersom det er mogleg og varsle rektor om all mistanke om og kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.
Det er ikkje berre dei som er direkte tilsett på skulen som er omfatta av plikta til å gripe inn. Det kan også vere andre vaksne som oppheld seg jamleg på skulen som til dømes reinhaldarar, vaktmeister, tilsette i PP-tenesta eller helsesjukepleier.
Plikta til å gripe inn vil seie at ein skal gripe inn mot krenkingar, som for eksempel mobbing, vald, diskriminering og trakassering, dersom det er mogeleg. Plikta til å gripe inn rettar seg mot å stoppe akutte situasjonar. Det kan til dømes vere å stoppe ein slåsskamp eller å irettesette elevar som bruker krenkjande ord om eller til andre.
I nokre tilfelle vil plikta til å gripe inn føre til at ein må bruke fysisk makt eller tvang. Det er då viktig at ein vurderer kva som er mogeleg å gjere utan å stå i fare for å skade seg sjølv eller å krenkja nokon av elevane for å stoppe situasjonen. Rektor skal sørge for at alle som arbeider på skulen veit at dei har ei plikt til å gripe inn, og at dei har kunnskap om korleis dei skal gjere dette.
Opplæringslova § 9 A- 4 pålegg skulen å dokumentere korleis dei oppfyller dei ulike delpliktene i aktivitetsplikta, også plikta til å gripe inn. Fylkesmannen ser at skulane ofte sender inn planar for korleis skulen skal sikre eit trygt og godt skulemiljø, men det er ofte ikkje nok dokumentasjon. Skulen må dokumentere korleis dei har gripe inn i den konkrete saka.
Kontaktpersonar
-
Atle Baaserud
Tlf: 55 57 21 63