Samarbeid om tenester til barn, unge og deira familiar
Stortinget vedtok nye føresegner for å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og deira familiar. Lovendringa trådde i kraft 1. august 2022. Det føreligg no ein rettleiar som forklarar dei nye føresegnene.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Samarbeid og samordning
Det vil til ei kvar tid vere barn og unge som har behov for eit samansett tenestetilbod der fleire aktørar vil vere involverte. Nokre vil ha behov for hjelp frå velferdstenester frå fødselen av, medan andre vil få behov for slike tenester undervegs. For å styrke oppfølging av utsette barn, unge og deira familiar, vedtok Stortinget nye føresegner om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Oppfølginga av utsette barn, unge og deira familiar vart såleis styrka ved lovendring 1. august 2022.
Rettleiaren
Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet har i fellesskap utarbeida ein rettleiar som har til formål å forklare dei nye føresegnene. I tillegg tydeleggjer rettleiaren ansvar og myndigheit, og gir råd om korleis ein kan ivareta pliktene. Den er òg eit praktisk verktøy for implementering av dei nye og/eller endra føresegnene om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan.
Målgruppene for rettleiaren er i hovudsak barn, unge og deira familiar.
Du finn rettleiaren på Helsedirektoratet sine nettsider.
Kontaktpersonar
-
Tanja Holum
Tlf: 57 64 31 10 / 91 57 05 12