Tilskot til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar skuleåret 2023-2024
No kan alle kommunar og private grunnskular som er godkjend etter lov om private skular og har rett til statstilskot (privatskulelova) søke Utdanningsdirektoratet om dette tilskotet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 18.08.2023
Med tilskotet skal lærarar som er nyutdanna og nytilsett i grunnskulen få rettleiing som gir god overgang frå utdanning til yrke og som bidreg til at dei blir verande i skulen.
Du finn meir informasjon om tilskotet og lenke til søknadsskjema for skuleåret 2023-2024 her.
Søknadsfrist er 22. september 2023.