Barn og unge skal ha ein trygg heim

Alle har rett på ein plass å bu. Det viktigaste kommunane kan gjera, er å bruka startlånet aktivt for å hjelpa vanskelegstilte barnefamiliar til å kjøpa eigen bustad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.03.2022

I følgje den bustadsosiale strategien «Alle trenger et trygt hjem» (2020-2024) skal alle ha moglegheit til å skaffe seg og behalda ein eigna bustad, og vera ein del av eit trygt bumiljø og lokalsamfunn. Barnefamiliar og unge vanskelegstilte er ei prioritert målgruppe.

I 2021 fekk 819 husstander i Vestland fylke startlån frå sin kommune. 50,5 prosent av startlånet gjekk til barnefamiliar. Målet er at andelen startlån til barnefamiliar skal auka i år. Derfor oppmodar vi kommunane til å prioritera startlån til vanskelegstilte barnefamiliar.

Kva er startlån?

Startlånet er ei fleksibel låneordning som kan gje ein stor samfunnsnyttig gevinst. Tal frå Husbankens statistikkbank kan tyda på at startlånsordninga er lite kjent blant innbyggjarane i ein del kommunar, og at potensialet som ligg i ordninga ikkje er utnytta. Alle som jobbar i tenester der ein møter born eller barnefamiliar, bør vere kjende med startlånsordninga. Til dømes kan helsestasjon, helsesjukepleiar, barnevern, heimehjelp, bustadforvaltar og Nav oppmode personar i målgruppa å om å søkja startlån.

Når kommunar utnyttar fleksibiliteten som ligg i startlånet, er det svært mange fleire som kan kjøpa bustad enn det ein i utgangspunktet skulle tru. Startlånet er eit lån som i stor grad kan tilpassast den situasjonen som søkjarane er i. Stadig fleire kommunar tilbyr fullfinansiering, inntil 50 år nedbetalingstid, inntil 20 år fastrente og inntil åtte år avdragsfritak. Startlånet kan også brukast til refinansiering av både bustadlån og anna gjeld slik at søkaren får lågare dei månadlege utgifter.

Det er viktig å vera i dialog med søkjar for å vurdera kva tiltak som er nødvendige, og om søkjar treng tilskot. Nokre kommunar tilbyr også å følgje søkjarar gjennom kjøpeprosessen (visning, utfylling av dokument osb.). Det er svært lite tap på startlånet. Kommunane kan følgja låntakar tett opp også etter gjennomført kjøp, og på den måten raskt fange opp eventuelle betalingsproblem, og dermed redusera risikoen for misleghald.

Mange kommunar har dei siste åra organisert seg slik at startlånet får ei meir sentral rolle i tilbodet, og at dette blir sett i samanheng med andre verkemiddel, som bustønad, tilskot, gjeldsrådgjeving, kommunale utleigebustader og buoppfølgjing.

Kva kan kommunen gjere?

Vi oppmodar kommunane til å setje seg tydelege mål for kva kommunen vil oppnå gjennom bruk av startlånet, og forankra dette i bustadsosial handlingsplan eller tilsvarande, som ein del av den bustadsosiale strategien i kommunen. 

Måla kan for eksempel vera å løfta born ut av fattigdom, medverke til stabilt oppvekstmiljø og frigjera kommunale utleigebustadar.

Det er viktig at bustadane som barnefamiliar kjøper har god standard og ein storleik som gjer at borna har plass og ro til lekser og privatliv. Bumiljøet må være trygt, både  når det gjeld trafikk og kven som oppheld seg i området. Nabolaget har stor betydning for barn og unges oppvekstvilkår.

Eit trygt og godt butilhøve er viktig for borna her og no, og for å hindre at dårlege levekår går i arv. Ved hjelp av Husbankens verkemidlar; startlån, tilskot og bustøtte, kan alle kommunar medverke til at fleire vanskelegstilte barnefamiliar kan eiga sin eigen bustad.

I den situasjonen vi står i no, der kommunane skal ta imot flyktningar, kan det bli eit stort press på leigemarknaden. Derfor er det no ekstra viktig å undersøkje om nokon av dei som bur i den kommunale bustadmassen kan betena eit startlån og kjøpa eigen bustad. På den måten kan kommunen frigjera kommunale utleigebustadar til flyktningar og andre vanskelegstilte.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.